Halhjem barnetun ligg heilt i sør i Os kommune. Barnetunet ligg fint til i furuskog like ved Bjørnavatnet og ved utbyggingsområde for bustader i Halhjemsmarka.Halhjem barnetun vart tatt i bruk hausten 1997. Barnetunet er eit sambruk for barnehage, 1.-4. klasse og SFO.Når elevane skal starta i 5.klasse, flyttar dei til Søre-Neset skule som ligg ca 3 km lenger nord i krinsen.Barnehagen har ein avdeling med 16 heile plassar.